Гуру Песен Популярное
А Б В Г Д Е Ж З И К Л М Н О П Р С Т У Ф Х Ц Ч Ш Э Ю Я
# A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z

Staal - Dommedagen | Текст песни

Moder Jord har vorte sjuk.
Eit virus bryt ho langsamt ned.
Ho som var frodig og mjuk,
eit trollstort blomsterbed.

Ho som var så sterk og helsug,
slit no for kvart enda innsug.
Ho vil aldri få sin fred.

Lei av trådlaust internett,
tunnelar og asfaltveg,
fråssing og foreldrerett.
Tilvera er andkræmeleg,

men immunapparatet startar opp.
Ho heitar opp sin svære kropp,
for å sende oss i veg.

Me er’kje meir til fromme,
me må reise av stad.
Tida vår er omme.
Kommen er vår dommedag.

Nordpolen smeltar,
nissen vert utan heim.
Flodbølgja mot tuftene veltar,
og slår sjølv alle husa ned frå deim.

Miljø- og dyrevernaktivistar,
også dei gudfryktige,
alle av seg jorda ristar,
me er kampudyktige.

No må me betale bota.
Problemet vert tatt ved rota.
Me er vorte jordflyktige

Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1
Видео
Нет видео
-